Skredfare av Maria Tryti Vennerød

272,-

Kjøp

I boka Skredfare gir Vennerød oss både ei diktsamling og ei springande, men samanhengande forteljing. Det byrjar med eit nyttårsselskap der vertinna er i krise. Både verda og ekteskapet hennar synest å vera i oppløysing. Ho vil så gjerne engasjera seg, men ser tomheita i sitt eige engasjement. Mykje tyder på at dette blir siste nyttårskvelden som gift.

Skredfare tar oss gjennom året 2013. Det vakne lesaren vil sjå at nyheitsbiletet blir kommentert på poetisk vis, med stadige lenkar til eg-personens personlege problemstillingar.

Tekstane i Skredfare er eit utval frå scene-, tekst- og bloggprosjektet Fem årstider, som hadde premiere på Det Norske Teatret i 2013, og som vart co-produsert med Dramatikkens Hus.

På lager272,-