Det urgamle og det samtidige

Ingen er ei havbok, der tid og lagnader og menneskeliv speglar seg i denne alltid omskiftelege materien som vi kallar vatn. Forteljingane kring Odyssevs og Agamemnon dannar eit ekko-rom for desse dikta, og røysta som talar, er vind-gjennomblåsen og vasstrekt. Ho tilhøyrer havet sjølv. Eit hav som er like urgamalt som det er samtidig.

Kven er det som seier slikt det er berre tidevatnet
rennande som eit rykte over havbotnen eller
kven er det som teier still
når ringen til nokon på handa til ingen
søkk som eit auga inn i mørkret
og vinden fell
og vatnet skrik seg stumt
kven er det som talar seier ho
min ven
kven er det som vaktar meg attom dine
augnelokk

Alice Oswald (f. 1966) vart nyleg utnemnd til Oxford Professor of Poetry. Ingen (Nobody, 2019) er den åttande diktsamlinga hennar, og ho blir rekna for å vere blant dei aller viktigaste nolevande poetane i Storbritannia. Dette er første gong Alice Oswald blir utgitt på norsk.

Til norsk ved Paal-Helge Haugen.