Eg gret ikkje. Låg der og stira mot døra. Ville berre halde handa di i mi. Stryke kinnet mitt mot ditt. Kyssa deg varsamt. Men dei sa nei. Eg fekk ikkje. Du var kanskje ti meter frå meg. Kanskje mindre, men avstanden hadde ikkje noko å seie, om eg ikkje fekk kome heilt til deg. Eg kunne like gjerne svevd i verdsrommet og vorte soge inn i eit svart hòl.

Tirill har vore forelska i Sigve i fleire år.
Endeleg bryt han med kjærasten. I Tirill vaknar eit fornya håp om at det no skal bli dei to.
Ingen av dei to kan føresjå kva som kjem til skje.
Sorga Tirill får kasta på seg lét seg ikkje stanse, men veks i staden sterkare. Saknet etter han ho aldri fekk gjer Tirill reint besett, og alt handlar om å finne ut korleis ho kan gje slepp.

På leit etter hjartet ditt er ein ungdomsroman om sorg, men og om val ein tek som ung. Kven ein er og kven ein kan kome til å bli.

«En fin og uvanlig fortelling som vil engasjere ungdom. Det er en slags aktualitet i at unge gutter kjører seg i hjel, så her er det nok en del som kan kjenne seg igjen. Artig at tittelen også refererer til hjertet i ren faktisk forstand, ikke bare, slik det vanligvis gjør, i overført betydning.»
--Jan Tore Noreng, mars 2022

Tone Nilsen-Bie er frå Florø, men har budd i Alta i Finnmark sidan 2004. Ho er opphaveleg lektor i teater, og har alltid utvikla tekstar for scena. Dei siste åra har ho fokusert meir på den skjønnlitterære sjangeren som uttrykksform og debuterte i 2021 med Sumarvariasjonar, ei novellesamling for ungdom. Med denne boka vant ho litteraturkonkurransen Årets Ulest-2021.