I forskinga om rikssamling og statsutvikling i Noreg har det lenge vore diskutert når nordmennene blei ein nasjon. Ytterpunkta i diskusjonen har på den eine sida vore dei som hevdar at nordmennene er ein gammal nasjon. Dei er blitt skulda for essensialisme. På den <br/>andre sida står modernistane dei meiner den norske nasjonen meir eller mindre vart konstruert av historikargenerasjonane etter 1814. Men korleis såg så vikingtidas og mellomalderens menneske på samtidas nordmenn? <br/> <br/>I denne boka utforskar Steinar Imsen kva førestillingar og omgrep som blei nytta om folk og landområde i skriftlege kjelder i denne perioden, og då ikkje berre i Noreg, men i alle landområde innanfor den norrøne verda.