Skumle barn og livredd heks!

Heksa Galla er livredd barn. Særleg dei som luskar rett utanfor huset. Når Galla ser barn, blir ho så redd at magien ikkje fungerer. Ho får ikkje til å trylle dei vekk!

Galla må få dei nysgjerrige ungane til å forsvinne, og legg ein plan for å bli kvitt dei for godt.

Heksa Galla er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Leseland. Nivå 4.