Babyar kjem definitivt ikkje med storken!

46 kvinner, frå Sørlandet til Svalbard, fortel om å føde på vegen, i lufta og til sjøs, om å plukke ti liter molter mens riene herjar, klatre over ras på veg til sjukehuset og presse ut ein unge utan å vite at ein var gravid. Dei deler historier om å setje barn til verda midt i ein krig, føde utan straum under ein orkan, vere mange tusen kilometer frå den ein er mest glad i under fødselen, og måtte sende nyfødde babyar bort i staden for å ha dei på brystet. Dei fortel om å bli mor for tidleg, for seint og når ein eigentleg trudde det ikkje lenger var mogleg.

Boka inneheld overraskande, komiske og rørande forteljingar frå vidt ulike kvinner som har blitt mødrer til vidt ulike tider. I tillegg deler jordmødrer, legar, ambulansepersonell, taxisjåførar og forskarar erfaringar frå fødslar over heile Noreg. Til felles har alle historiene at dei også handlar om korleis vi lever i dette langstrekte og værharde landet i nord.

Men mest av alt handlar dei om kvinnenes råskap.