Ny hybel, nye gater, ny skule, ny klasse. Alt er nytt for Susan den hausten ho flyttar til byen for å gå på danselinja på vidaregåande. Sjølvstendige Susan, fri frå masete foreldre, ferdig med alt det gamle. Ho skal berre danse, danse, danse. Antilopesprang. Arabesk. Tusen piruettar. Eit nytt liv.<br/><br/>Men kvifor snakkar ikkje dei andre jentene med henne? Kva med han guten som kjem nær? Han med lause skolisser som smell i golvet? Og kvifor driv hybelvertinna og bryr seg?<br/><br/>Susan ser på kart over nattehimlane. Mange stjerner er del av eit større bilete, medan andre sviv omkring åleine i utkanten.