Kva er vold mot barn og unge i nære relasjonar? Korleis jobbar barnevernet for å førebyggje og avhjelpe vold mot barn? Kva seier forskinga og kva politikk blir ført på feltet?<br/><em>Vold mot barn og unge i nære relasjonar</em> belyser korleis vold blir forstått og møtt innanfor den sosiale og kulturelle konteksten det norske samfunnet representerer. <em>Margrete Aadnanes</em> løftar fram kva kunnskap vi har om vold mot barn og drøftar vilkår og rammer barnevernet har i arbeidet med å førebyggje og avhjelpe problematikken.<br/>Boka har sitt empiriske utgangspunkt i ungdom og unge vaksne sine forteljingar om vold i barndommen, og i profesjonelle i barnevernet sine perspektiv på arbeid med voldssaker. Forfattaren rettar eit kritisk, reflekterande blikk på premissa for barnevernet sitt arbeid, som inkluderer både kunnskap, politikk og mandat. I forlenginga av dette ser ho på bruken av standardiserte framgangsmåtar og prosedyrar for å kvalitetssikre og effektivisere arbeidet i barnevernet.<br/>Innholdsfortegnelse:<br/><iframe></iframe>