Visste du at maten smakar annleis i fly? Og visste du at det første motorflyet i verda blei laga av to brør? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om flyet. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Kristoffer Kjølberg.<br/><br/>«Visste du at ...? FLY» er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.