Visste du at det finst over ein milliard bilar i verda? Og visste du at det ville teke seks månader å køyre bil til månen? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om bilen. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Kristoffer Kjølberg.<br/><br/>«Visste du at ...? Bil» er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.