Første teatertekst på norsk av nobelprisvinnaren Elfriede Jelinek! <br/>Elfride Jelineks mest kjende og personlege tekst for teater, Vinterreise (2011), kjem no endeleg på norsk. <br/>Det skapte både forundring, forarging og fryd då Jelinek i 2004 blei tildelt nobelprisen i litteratur for sin «musikalske straum av røyster og motrøyster (...) som avslører dei absurde klisjéane i samfunnet». <br/>Hos Jelinek er det liksom språket sjølv som taler, i dei seinare stykka hennar i eit slag redigert monologisk stream of consiousness. I så måte skil dramatikken hennar seg markert frå den tradisjonelle dramatiske diktinga, og kvar einskild instruktør må så å seie skape sitt eige stykke på grunnlag av Jelineks språkflaum.