Med mellom anna Eve Babitz, ein temabolk om kritiske blindsoner og ei analyse av det norske podkastlandskapet.<br/>Utgåva inneheld ein temabolk om litteraturkritikk og kritikkens moglege blindsoner, med ei rekke tekstar som drøftar kritikarens møte med eit knippe av dei dilemmaa og kunstnariske uttrykka som samtida byr på: <b>Carline Tromp</b> ser på kritikarens posisjon i eit hyperpolarisert digitalt ordskifte, <b>Carina E. Beddari</b> drøftar kritikarens møte med sterke forteljingar frå verkelegheita, <b>Pål C. Halvoren</b> rettar eit sosiologisk blikk mot amerikanske og norske kritikarar, <b>Bjørn Ivar Fyksen</b> framfører eit forsvar for litterær sentimentalitet, <b>Kåre Bulie</b> ser på litteraturens ofte oversette materielle aspekt og <b>Hilde Rød-Larsen</b> inviterer fleire litteraturarbeidarar inn i den kritiske samtalen. Men dette er ikkje alt. Midt i den norske mørketida, inviterer Vinduet lesarane med til den amerikanske vestkysten, og guiden er ingen ringare enn <b>Eve Babitz</b> - forfattaren som gjorde Los Angeles til sin poetikk og sjølv brann sterkare enn kva som helst Hollywood-stjerne. Dei siste åra har ho vore gjennom ei omfattande revival etter ei lang tids gløymsel, og no vert ho endeleg presentert for norske lesarar gjennom <b>Anna Kleiva</b>s essay og omsetting. Nummeret inneheld òg <b>Preben Jordal</b> si drøfting av <b>Jon Fosse</b>s septologiprosjekt, der Jordal ser konturane av ein skisme i forfattarskapen. <b>Ali Smith </b>sin nyleg avslutta årstidskvartett vert lest av <b>Eiler Fleischer, </b>og <b>Steve Sem-Sandberg </b>vert intervjua av <b>Hanna Nordenhök. </b><b>Audun Vinger </b>og <b>Aksel Kielland </b>står for kvart sitt byks ut av dei strengt litterære rammene: Vinger har lytta (og lest) seg gjennom dei britiske musikarane i <b>Saint Etienne </b>sine samlealbum med andre artistars musikk, og Kielland har lytta (og lidd) seg gjennom dei mest populære norske podkastane. I tillegg: <b>Jan Grue</b> syner fram eit utdrag frå ei komande bok, <b>Ida Lødemel Tvedt </b>introduserer <b>René Girard </b>og kunstnar <b>Azar Alsharif </b>syner utdrag frå sitt visuelle univers.www.vinduet.no