Vinduet. Nr. 4 2019

180,-

Kjøp

Årets siste utgåve ser tilbake på samtalane og bøkene som prega tiåret som no går mot slutten.<br/>I Vinduet nr. 4/2019 vert det litterære 2010-talet halde opp mot lyset. <b>Vilde Sagstad Imeland </b>gjev oss ei kronologisk gjennomgang av den offentlege samtalens høgdepunkt (og lågmål), <b>Marta Norheim </b>sveipar gjennom dei klaraste tendensane og ei heil rekke forfattarar og kritikarar har svart på utfordringa om å peike ut det dei ser på som tiårets sterkaste verk.Fleire av tekstane i nummeret går også i djupna på bøker og tendensar som på ulike vis har vore med på å prege 2010-talet: <b>Ulla Svalheim </b>skriv om <b>Kristina Sandberg</b>s «husmor»-trilogi, <b>Chigozie Obioma, </b>ei av tiårets mest interessante nye stemmer, vert intervjua av <b>Marius Emanuelsen,</b> <b>Carline Tromp </b>skriv om avtrykket av Internett i samtidslitteraturen og <b>Ellen Emmerentze Jervell </b>vender blikket mot <b>Emma Bess, Johanna Frid </b>og <b>Eline Lund Fjæren ­</b>­- og mot seg sjølv, når ho ser på korleis desse forfattarane skildrar opplevinga av å vere ung kvinne på 2010-talet.I serien med nyskrivne reiseskildringar, som har vore med på å prege Vinduet i 2019, presenterer me i denne utgåva forfattar og journalist Hanna Stoltenbergs skildring frå Beirut.Også i dette nummeret: ein fyldig meldingsseksjon, nyskrive kunstessay av <b>Mette Karlsvik</b>, tekstar av <b>Vibeke Tandberg, Ole Robert Sunde, Aasne Linnestå, Tore Stavlund, Susanne Christensen </b>og <b>Kristina Stoltz, </b>jubileumsspalte - og meir til.

På lager180,-