Vinduet. Nr. 3 2020

180,-

Kjøp

Markering av 100-årsjubilanten Jens Bjørneboe, utvida meldingsseksjon, mangfald i bokbransjen og mykje meir!<br/>Korleis skal me lese <b>Jens Bjørneboe</b> i dag? Ville han vorte kansellert, hadde me trengt han i dagens litterære og politiske offentlegheit? Det er blant spørsmåla <b>Aslak Sira Myhre,</b> <b>Geir Gulliksen</b> og <b>Kjersti Bale</b> drøftar i ein stor samtale i haustens utgåve av Vinduet.I lys av den store antirasistiske rørsla som har prega året så langt, ser Vinduet på kva veg som framleis gjenstår før Litteratur-Noreg speglar heile Noreg, og snakkar med den danske forfattaren<b> Jonas Eika</b> om politisk motstand, litterære dystopiar og utopiske impulsar.Elles kastar koronapandemiens  naturleg nok skugge over fleire av tekstane, slik som <b>Vilde Sagstad Imeland</b>s essay om ein spesiell busstur over svenskegrensa i mars, og <b>Anna Kleiva </b>si kortreiste reiseskildring frå Gudbrandsdalen.Som alltid vert det dykka ekstra djupt ned i nokre utvalde forfattarskap, denne gongen i form av <b>Eirik Lodén</b>s grundige intervju med 70-årsjubilanten <b>Karin Haugane</b>, <b>Audun Vinger</b>s essay om 81-årsjubilanten<b> Tor Åge Bringsværd </b>og <b>Sindre Andersens</b> drøfting av <b>Caroline Kaspara Palonen</b>s forfattarskap.Utgåva presenterer òg nyskriven lyrikk: <b>Melanie Kitti</b>s oppvekstskildrande «Mamma er halvt urne og halvt gral», <b>Cecilie Løveid</b>s hyllest til Y-blokka (og Olaf Bull) og <b>Solveig Mette Tjeltveit</b>s fabelaktige, viltveksande flora i fire blomar. <b>Mickael Marman</b> bidreg på si side med biletserien «Man and Sea»Vinduet er òg stolte over å vere vertskap for det tradisjonsrike <b>kritikerseminaret</b>, som vanlegvis går av stabelen under Norsk litteraturfestival på Lillehammer. Seksjonen er eit samarbeid med Kritikerlaget og har temaet «Kampen om krigen».I den utvida meldingsseksjonen les <b>Marius Emanuelsen Karl Ove Knausgård</b>, <b>Live Lundh </b>les <b>Karin Haugen</b>, <b>Maria Lokna</b> les <b>Kjersti Annesdatter Skomsvol</b>d, <b>Torgeir Holljen Thon</b> les <b>Zeshan Shakar</b>, <b>Marianne Gunderson</b> les <b>Sarah Smith Ogunbona</b> og <b>Sumaya Jirde Ali</b> les <b>Marius Midré</b>.www.vinduet.no

På lager180,-