Haustnummeret hoppar fram og tilbake mellom kunstartane, og mellom litteraturen og naturen.<br/>I Vinduet nr. 3/2019 kan du mellom anna lese om <b>Karl Ove Knausgård</b> sitt etter kvart omfattande virke som kunstskribent, om <b>Anna Kleiva</b> si ferd gjennom den californiske ørkenen på jakt etter meir eller mindre letttilgjengelege kunstinstallasjonar, og om nye blikk på <b>Edward Hopper</b> sin kunstnarskap. <b>Gunnhild Øyehaug</b> skriv om sex, kiosklitteratur og den amerikanske forfattaren <b>Mary Ruefle</b>, og har dessutan gjendikta det som er «den beste teksten om sex som nokon gong er skrive», Ruefles prosadikt «Snø».Det er, i det heile tatt, ei utgåve der dørene fører ut av, like mykje som inn mot, litteraturen. <b>Øyvind Rimbereid</b> har vitja Nasjonalgalleriet før det stengde dørene, med tre nyskrivne dikt som resultat. <b>Kim Klev</b> drøftar <b>Linton Kwesi Johnson</b> sitt forfattarskap, som er uløyseleg bunde saman med reggaekulturen og den musikalske arva frå Karibien. <b>Espen Stueland</b> ser på <b>Carl Frode Tiller</b>s Begynnelser, og argumenterer for at det økokritiske perspektivet som her vert lagt fram utgjer ei litteraturkritisk blindsone.Også i dette nummeret: ein fyldig meldingsseksjon, biletserie ved <b>Christian Tunge</b>, jubileumsspalte og meir til.God lesing!www.vinduet.no