Årets andre Vinduet, med tekstar om fotball-VM, aids og kroppslege tilnærmingar til litteraturen - mellom anna!<br/>Årets andre utgåve av Vinduet er i butikk 14. juni!At dette er same dag som fotball-VM tek til i Russland, vert markert med <b>Nils Henrik Smith</b> sitt essay om VM-bøkene til<b> Jon Michelet og Dag Solstad</b> og kva desse betydde for ein tretten år gamal fotballskribent in spe.Utgåva byr elles på tekstar om litterære framstillingar av <b>aids-epidemien</b>, <b>ung tysk samtidslitteratur </b>og <b>minnestadene etter 22. juli - </b>mellom anna. Fleire av tekstane kjem òg inn på samspelet mellom <b>litteratur, kropp og kjensler</b>.Blant forfattarane det vert skrive om, finn me israelske <b>Yoram Kaniuk</b>, amerikanske <b>Lidia Yuknavitch</b>, ungarske <b>Szilàrd Borbély</b> samt norske <b>Kjartan Fløgstad </b>(som i år kan feire 50 år som forfattar).I tillegg kjem enquete om krisa i <b>Svenska Akademien</b>, ekfrase av <b>Ingvild Lothe</b>, jubileumshelsing frå <b>Audun Vinger</b>, biletserie av <b>Inga Sund Hofset, </b>meldingar og meir til! Full innhaldsoversikt under.<b>Innhald</b>Essay: «Jon & Dag, revisited» av Nils Henrik SmithEssay: «Fortellingene som gav oss aids» av Nikolai M. KleivanReportasje: «Fornuft og følelser», av Erle Marie SørheimManifest: «Ultraromantikk» av Leonhard HieronymiBilete: Inga Sund HofsetEnquete: Krisa i Svenska AkademienSamtale: Cary Wolfe, Mel Y. Chen og Jan GrueBokessay: «Vegen innover» av Merete RøsvikBokessay: «Å lese kan forandre kroppen din» av Ida Jackson og Mari Wold SannerundIntervju: Lidia YuknavitchSamtale: Gro Dahle og Marie Bergby HandelandEssay: «Ord, ord, ord, ord» av Hemig H. GujordEssay: «Farande frifant» av Eivind MyklebustOversetteressay: «De ubemidlede» av Éva DobosEssay: «Du skal ikkje glemme! Minnekunst etter 22. juli» av Jørgen Lund.Ekfrase: «Inger» av Ingvild LotheMeldingar: Carina E. Beddari om Orissabiblioteket 1-4, Karin Kukkonen om Siri Hustvedt og Mohamed Abdi om Steven PinkerJubileet: Tor Ulvens Gravgaverwww.vinduet.no