Vinduet. Nr. 1+2/2021

230,-

Kjøp

Vinduet markerer sin 75. årgang - og siste utgåve på papir.<br/>Eit dobbeltnummer, ei jubileumsutgåve og ein siste seglas med Vinduet som papirskute - Vinduet nr. 1+2/2021 er langt frå eit ordinært eksemplar av Gyldendals tidsskrift for litteratur!Ei rekke tekstar i dobbeltnummeret gjer nedslag i Vinduets eigen historie, både i form av nærlesingar av einskildnummer og tematiske djupdykk. <b>Tonje Vold</b> les Vinduet i eit postkolonialt perspektiv, <b>Martin Lundell</b> ser på bladets visuelle historie, <b>Sissel Furuseth</b> ser på Vinduets plass i Nasjonalbibliotekets digitale bokhylle - og fire tidlegare Vinduet-redaktørar møtest til samtale om deira tid på Sehestedsplass, og om litteraturkritikkens oppgåver no og i framtida. På kva måte digital teknologi og endringar i folks lesevanar påverkar no- og framtidas litterære produksjon går som ein raud tråd gjennom fleire av nummerets tekstar, anten det er <b>Tor Eivind Øverås' </b>betraktingar om den norske romanen i strøymeteknologiens hundreår, <b>Kari Spjældnes' </b>blikk på den digitale lesingas gleder og utfordringar eller <b>Ola Morris Innsets </b>vurdering av konsekvensane av Amazons moglege inntog i den norske bokmarknaden.I ein nyskriven tekst skriv den britiske forfattaren <b>Max Porter</b> om kvifor han elskar norske folkeeventyr, medan <b>Sarah Smith Ogunbona</b> reflekterer kring språkleg fordobling med utgangspunkt i Agota Kristofs tvillingtrilogi og <b>Carina Elisabeth Beddari </b>drøftar lesingar av Nils Aslak Valkeapääs poesi. <b>Ole Øyvind Sand Holth </b>skriv om å vere pandemistranda i Tunis, <b>Nikolai M. Kleivan </b>om Internett som eit fysisk format og <b>Kåre Bulie </b>om kioskens rike litterære univers. Skjønnlitterære bidrag av <b>Johan Harstad</b>, <b>Trude Marstein</b>, <b>Haukur Ingvarsson </b>og <b>Frøydis Solli Simonsen.</b>

På lager230,-