Den nye samlinga dikt og prosa frå Eva Jensen består av nærbilete frå kvardagen til ein diktar, observasjonar av nærmiljø, arbeidsliv, reiser og natur. <br/><br/>Det nordnorske landskapet står sentralt, men reisene fører oss ut i Europa. Dermed skapar tekstane eit spenn mellom heimkjensle og heimløyse, mellom det store og det små. Jensen har eit omsorgsfullt blikk for detaljar: dei minste ting og dei minste rørsler blir rekna med, og minne om barndom, slekt og venner blir løfta fram som fragment av eit stort livsbilete.