Dikta i denne samlinga utforskar kor hardt barndommens grep kan vere på eit vakse menneske. Ein fars sinne, med djupe røter frå generasjonar tilbake, har på mange måtar forma diktar-eget. Ho er òg sint, og redd for å føre vidare den vonde arven til sine eigne barn. Det handlar om å prøve å gi omsorg til ¿ og gi slepp på ¿ det indre barnet ho framleis har i seg.

Eg gjekk til kyrkja for å synge

ikkje for å tru

den vesle kroppen min sleppte ut

ei stemme som vibrerte

mot meg og bad om frelse.

Mitt første minne

frå kyrkja er at det regna og presten

koppa handa, vatnet rann mjukt

over håret til broren min, han græt

faren min snudde seg mot altartavla.

Vi falda hendene

framfor oss:

kven bad vi til, kven

gav oss

eit utvaska svar?