NOMINERT TIL KRITIKERPRISEN FOR BESTE BARNE- OG UNGDOMSBOK 2014

Det er gode tider i Bløygen. Ein buss full av turistar har handla og budd på hotellet og for pengane har kommunestyret og folk i Bløygen kjøpt både ny lyktestolpe, rulletrapp og meir julepynt. Men etter ei stund blir alt vanleg att og ordføraren undrar på korleis dei skal få fleire turistar.

Bidger og Esmiluni elskar kvarandre. Men Bidger drøymer om noko meir. Han drøymer om å bli far. Men ingen i Bløygen veit korleis barn blir til. Bøttefanten finn ei bok med forklaringar og instrukser om korleis ein lagar barn. Bidger og Esmiluni prøver og dei finn stor glede i dette. Dei prøver igjen og igjen i tilfelle barnet ikke har funnet fram.

Dette er den tredje forteljinga frå Bløygen. Rune Belsvik skriv direkte og konkret om kanskje det viktigaste som er mellom menneske. Alle barn er interessert i korleis dei blir til, og i denne boka blir dette vakkert og humoristisk forklart. Rune Belsvik har eit levande og poetisk språk, og det er ei stor glede å lese bøkene hans.

Inger Lise Belsvik har laga vakre og uttrykksfulle illustrasjoner til denne fine forteljinga.