Ekte vennskap

Kjell er fødd inn i ein tjuvfamilie, men han vil ikkje vere tjuv. Derfor sender mora til Kjell han på korpsøving. Når ikkje du vil vere tjuv, kan du i det minste lære deg å spele eit instrument, meiner ho.

Kjell vil ikkje spele i korps. Men alt snur når Kjell høyrer ein nydeleg song frå blokkfløyta til Bob, den flinkaste guten i korpset.

Ein dag får familien til Kjell mykje pengar, plutseleg kan dei kjøpe i staden for å stele. Samstundes gjer Kjell alt han kan for få vere i lag med Bob, til og med tjuvestrekar! Er eit nytt vennskap i ferd med å utvikle seg?