Vente på vind av Oskar Kroon

300,-

Kjøp

Augustprisvinnande barneroman om havet, døden og kjærleiken

Det er sommar hos morfar på øya. Venge drøymer om å bli sjømann og segle til fjerne hamner og kanskje redde ein eller annan skipbroten. Heime i byen er mamma lei seg. Pappa har flytta ut for godt, og no skal han og den nye sambuaren få ein baby. Det liker ikkje Venge å tenke på.

Men på øya kjennest alt det andre langt borte. Dagane dirrar av varme, og på stranda dukkar det plutseleg opp ei jente med svart hatt. Rut heiter ho.

Vente på vind er ei gripande forteljing om ein uvanleg sommar. Nærverande og med mykje varme fortel Oskar Kroon om korleis Venge forlèt barndomen og lærer seg å stå stødig i stormen.

Boka er omsett av Runa Kvalsund.

Oskar Kroon (f. 1980) er forfattar og bakar. Han debuterte med Mitt fönster mot rymden i 2018. For den andre barneboka si, Vänta på vind frå 2019, fekk han Augustprisen.

På lager300,-