Frode Grytten viser at det er mulig å skrive ultrakort om dei store tinga i livet. På 140 teikn fortel han om korleis vi lever, elskar og går under.

Vente på fuglen er eit utval av dei beste mikronovellene frå Gryttens populære Twitter-prosjekt.

«Burettslagsblues i juni. Dugnad i femte. Oppussing i fjerde. Krangling i tredje. Stille i andre. Puling i første. Skitentøyvask i kjellaren.»

«Mange år seinare går det opp for ho kva ho skulle ha svart den junikvelden då ho var 17, han var ny og spurte om dei skulle vere kjærastar.»

«Å vakne med tre jenter i senga. Å vakne med kone, dotter (3) og endå ei dotter (1). Å vakne med dei som ein elskar. Aprilmorgon. Aprillykke.»