<p><em>Vedvarande svake lag</em> er ein roman om indre og ytre ustabilitet.</p><br/>Emil er på vårskitur i fjellet. Vêrforholda gjennom sesongen har gjort fjellsidene ustabile. Laga i snøen under han er svake. Emil har også vedvarande ustabile lag i seg sjølv. Dei to tilstandane er ikkje ein heldig kombinasjon.<br> <br> «Vedvarande svake lag» er brukt om ein tilstand i snø som kan medføre flakskred. Svake lag blir danna i kaldt vêr og kan vedvare heile vinteren.