Ute, langt der ute av Edvard Hoem

318,-

Kjøp

I vika langt mot vest, langs haustmørk strand
kjem svanene igjen, eg ser det no.
Dei duvar lydlaust like attmed land
og speglar seg når sjøen stig mot flo.
Eg har sett pina skjera andletstrekk,
eg har sett folk ta avskil utan fred,
høyrt dører smelle, bilar køyre vekk,
men no kjem svanene og slår seg ned.
Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord,
ein slik klar haustdag, vinter var på veg,
eg sat og såg mot botnen av ein fjord
og høyrde vengesus som nærma seg.
Så vart det stille. Det gjekk mange år.
No høyrer eg på nytt at venger slår.

Dikta i Ute, langt der ute er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.

På lager318,-