Året då alt blei snudd opp ned.

Ein tettstad. Ein klasse. Seks elevar.
Kaleb rømmer med den kreftsjuke veslesøstera si for at ho skal få køyre karusell på Tusenfryd før ho døyr. Fred ønskjer å finne ein stad der han kan vere i fred frå Adrian, plageånda i klassen. Sjølv vil Adrian berre vere langt unna far sin. Tonje stammar og tør ikkje seie noko i timen. Tobias kjem flyttande frå byen fordi far hans meiner det kan gi familien ein ny start. Tobias blir naboen til Kaja, som alltid får hovudrollene i klassen sine teaterstykke - bortsett frå dette året, då alt blir snudd opp ned.

Novellene følgjer dei seks elevane gjennom eit halvt år. Alle står på terskelen til ungdomstida. Alle har draumar om noko nytt og betre. Dei åtte novellene i boka blir vovne saman til ei samanhengande historie, der alle får sjansen til å bli høyrde.