Tonje Glimmerdal er einaste barnet i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett på lenge. Bestevennen til Tonje er biske Gunnvald på 74 år, og dei to kjenner kvarandre ut og inn.<br/>Eller gjer dei eigentleg det?<br/>Ein dag finn Tonje ut at Gunnvald har halde noko stort hemmeleg. Medan våren kjempar med snøen og får fjella til å glitre og elva til å buldre, kjempar Glimmerdalens vesle dunder for å berge lykka og feletonane for verdas beste bestevenn, godt hjelpt av mottoet: Fart og sjølvtillit!<br/><br/>«Ei herleg boblande bok, fylt av fart og sjølvtillit... Ein bør unne ungane sine eit besøk i Glimmerdalen!»