Han sprang mot skrenten.
Rett ved eit halvstort bjørketre låg rullestolen til kameraten.
Stolen var tom.
«KRISTOFFER!»
Eit lite grynt kom frå avgrunnen.
Frank la seg ned på bakken og kikka utfor. Han frykta for synet som ville møte han. Men kvalmen stilna, og hjernen byrja å få litt meir kontroll over situasjonen: Ein halvmeter under kanten såg Frank kameraten tvihalde i ei rot frå bjørka.
«Hald fast!»

Kameratane Frank og Kristoffer bur i Granittvegen og går i same klasse. Dei må starte ferien med å vere med på ein kjedeleg konferanse. Men så forsvinn ein ring frå ei vikingutstilling på hotellet. Det kjem merkelege meldingar på ein mystisk TikTok-konto. Granittgutta kastar seg over saka.

Svein Jarle Åbrekk er lærar og forfattar. Dette er den andre boka hans om Granittgutta. Boka er illustrert av Trond Kulterud.