Tekstanalyse av Karianne Skovholt, Aslaug Veum

351,-

Kjøp

Denne boka handlar om korleis ein kan analysere sakprosatekstar kritisk, til dømes innhaldsreklame, haldningskampanjar, nettsider, avisinnlegg og tekstar i sosiale media. Forfattarane hentar teori og metodisk tilnærming frå kritisk diskursanalyse, sosialsemiotikk og pragmatikk. Dei viser korleis ein kan identifisere både språklege og visuelle framstillingsmåtar, kva funksjon dei får i tekstar, og korleis tekstar kan nyttast til å påverke og utøve makt i eit samfunn som blir stadig meir digitalt.

Boka inneheld ei rekkje illustrerande analyseeksempel og forslag til framgangsmåtar for tekstanalyse i praksis. Læreplanen legg vekt på at elevar skal øve opp kritisk literacy og bli kritiske og medvetne samfunnsborgarar, og forfattarane kjem i denne boka med innspel til korleis ein kan arbeide med kritisk tekstanalyse i skulen.

Denne utgåva er oppdatert med ei rekkje nye eksempel på analyse av særleg komplekse, digitale tekstar. Forfattarane viser også til ny teori og ny forsking.

Boka eignar seg for lærarar i skulen, studentar og fagfolk i lærarutdanningane, i fag som norsk, kommunikasjonsfag, samfunnsfag og for andre som arbeider med å skape eller vurdere tekstlege framstillingar.

På lager351,-

Tekstanalyse av Karianne Skovholt, Aslaug Veum - Nelo