Innsiktsfullt om kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre.

Ingen kjem upåverka frå eit møte med Tuva. Noko ligg alltid igjen: ein smittande latter, litt større sjølvtillit, ein kraftig irritasjon, ein trong til å pakke saman for dagen og dra heim til kona - eller avgjerda om å satse på draumen sin ein gong for alle. Vi møter Tuva gjennom dei profesjonelle i livet hennar: fastlegen, tannlegen, presten, advokaten, snikkaren, trenaren, bankrådgivaren og psykologen. Tuva vil berre bli tatt vare på, men ho er ikkje så lett å forstå seg på: Korleis har ho det eigentleg med seg sjølv, og kva skjer når ho forsvinn gjennom kontordøra og ut i samfunnet igjen?

«Team Tuva» er ein roman om korleis vi påverkar kvarandre i stort og smått. Med denne boka viser Marit Eikemo verdien av fellesskap og kva enkeltmenneske kan bety for kvarandre.

Sagt om Team Tuva:

«Marit Eikemo briljerer igjen - og tar oss på kornet»
- Mette Bleken, Hardanger Folkeblad

«kriblande tankestoff»
- Eivind Myklebust, Klassekampen

«fint skråblikk på samtiden»
- Gabriel moro, VG