Ta hand om deg er ein liten roman. Og ein stor tekst om dei viktige tinga.

Vi møter ein romanforfattar som strevar med liv og skriving. Som ikkje får det til.

I eit fortvila forsøk på å blåsa nytt liv i tekst og tilvere, drar han attende til byen han levde i før han blei forfattar. På vandring i byen som ein gong var hans, blir han nådelaust konfrontert med det forgjengelege. Med tida som har gått frå han.

Men han finn også skinande minne om det som gjer det heile verdt.