Syngja av Lars Amund Vaage

209,-

Kjøp

Den eg skriv dette til kan ikkje lesa. Ho kan ikkje skriva, og ikkje snakka heller, endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år.

Som ung mann jobbar han som bussjåfør og drøymer om å skriva. Ein dag kjem ei jente inn i bussen, ho ser på han i spegelen, og då ho skal av, stoppar han bussen og følgjer etter henne. Sidan ligg dei i senga hennar i kjellarleilegheita der ho bur. Då ho vert gravid, veit han kva han skal gjera.

No er dottera vaksen, han er ein etablert forfattar; kan han endeleg skrive romanen om henne?

Syngja er ein djupt personleg roman, vakker og tankevekkande, naken og open, om å leva med ei dotter med autisme. Romanen er eit forsøk på å skriva hennar historie, og handlar om kor vanskeleg det er, men òg kor viktig det er å forstå ei som ikkje let seg forstå.

BRAGEPRISEN 2012

På lager209,-