Kva er ei bok?
Den innste krok
av ei sjel i brann,
eit vågemod som vann
kaste alle bruir av
og sjå ned i si eigi grav.
Ein helvits-angst, ein lukkedraum,
ein leik på livsens æve-straum
imillom blåe himmelhavet
og det svarte slimdyrkavet;
heidersgjest i Gimles salar
eller gløymd i båredalar!
Barn av ånd i kjøte bore,
eit hjarta ut av bryste skore,
eit skrik frå livsens løynde grunnar;
ein elskarkyss på blome-munnar;
ein rus imillom eldar
på dei store festens kveldar!
Frå «Impromptu», Symra