Edith + Martha = sant

Dette er historia til Edith, som hatar alt og alle.
Som gøymer seg i hettegenserar, blir kviskra
om i klasserommet, og som mest av alt skulle
ønske ho kunne forsvinne heilt og fullt.

Men dette er òg historia til Martha, som elskar
Beatles, saknar far sin og prøver å sjå det beste i
alle, uansett kva.

Edith og Martha er ulike som natt og dag,
men blir likevel dratt mot kvarandre når dei
begynner i same klasse på vidaregåande. Eit
uventa vennskap oppstår, og det viser seg at dei
har mykje meir til felles enn ein gjerne skulle
tru.

Svarttrasta syng om natta er ei historie om
indre stormar og store sakn. Men det er òg ei
kjærleikshistorie, ei historie om tillit og håp,
og om å tore å vere seg sjølv, endå ein ikkje er
som alle andre.

Tone E Solheim (f. 1989) kjem frå Jølster i
Sunnfjord kommune. Svarttrasta syng om natta er
den første romanen hennar.