Elisabeth gler seg til språkskule i Italia. Ho og venninna Gry blir innlosjerte i eit herskapshus i utkanten av Verona, men anar fort at ikkje alt er som det skal vere i familien dei bur hos. Kvifor oppfører dei seg så rart? Og kva betyr den mystiske meldinga frå bibliotekaren Viggo? Har han funne ut meir om Philip si forsvinning?<br/>Parallelt med denne historia blir vi tatt med tilbake til Hardanger på 1800-talet, til garden Langetun der legenda om Svarte-Mathilda har sine røter. Den demoniske Svarte-Mathilda, som gøymer seg i ein spegel ?<br/>Ein grøssande oppfølgjer til Svarte-Mathilda som blei nominert til Uprisen 2010. <br/>Frå 11 år.