Vatnet i rørsle vil ikkje vise meg

spegelbildet mitt.

Berga bryr seg ikkje.

Eg er eit ord

på eit framandt språk.

(frå Landgang i Quebec)
Margaret Atwood (1939) er kanskje mest kjent for sine framtidsromanar, men ho har óg skrive over 10 diktsamlingar. I denne samlinga går ho tilbake til 1832 då Susanna Moodie immigrerte til Canada frå England. Atwood kjente til Moodies sjølvbiografiske bøker om det tøffe livet som immigrant, og i dei fann ho truleg dei same konfliktane som er sentrale for hennar eige moderne forfatterskap; motsetningane mellom natur og kultur, villmark og sivilisasjon, det irrasjonelle og det analytiske.

Susanna Moodies dagbøker er ein slags mental dokumentarpoesi, ettersom Susanna Moodie verkeleg har levd. Ho var ein engelsk forfattar som emigrerte med mann og barn til Canada i 1832. I fleire år budde dei i det som den gong var villmark i den gryande nasjonen. Moodie har sjølv skildra det harde pionérlivet, spesielt i boka Roughing It in the Bush (1852). Den har nok inspirert Atwood. Men dikta i Susanna Moodies dagbøker er moderne dikt som går rett inn i motsetningane mellom natur og kultur, villmark og sivilisasjon, det irrasjonelle og det rasjonelle. (Boka blei gitt ut for første gong i 1970.)

Susanna Moodie er også ein av bifigurane i Atwoods roman Alias Grace frå 1996.
Gjendikting og etterord ved Anne Karin Torheim