På kanten av kvardagens stup

Eit ungt par er på reise gjennom Europa, med eit ubearbeidd traume i bagasjen. Ei mor tar med ungane sine på fjelltur og finn ein rotnande rådyrkalv framfor hyttedøra. Ei jente gjer alt for å få stupetrenaren til å sjå på henne, men utan at stefaren skal vite om det.
Personane i Ingrid Senjes noveller står på kanten av høge stup, midt i den vanlege kvardagen. I situasjonar der avstanden mellom den dei er og den dei vil vere, er på sitt aller største, utfører dei handlingar like irrasjonelle som dei kjennest nødvendige.

Ingrid Senje (f. 1987) er fødd i Oslo og busett i Milano. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og har tidlegare publisert tekstar i Signaler 2018 og i novelleantologien Ingenmannsland.