Kia går i 3. klasse og kjedar seg. Det skjer aldri noko, synest ho. Mamma er oppteken med småbrørne hennar heile tida, og pappa jobbar på boreplattform og er lite heime.<br/>Kunne berre Tore sjå henne! Kia er stormande forelska i Tore, men han verkar heilt uinteressert. Kva skal ein finne på då?<br/>Så får Kia vite av ein mystisk mann at stjernestøv hjelper. Men - kva er stjernestøv?<br/>Frå 7 år.<br/>