«Takk for diktsamlinga di! som gledde meg med å sjå at du stig fram som ein av dei største lyrikarane vi har», skreiv Kristofer Uppdal då RAGNVALD SKREDE<strong> </strong>(1904¿1983) debuterte med <em>Det du ikkje veit</em> i 1949. Skrede var frå Vågå i Gudbrandsdalen, og opplevingar i barndommen og førkrigsåra ligg som ein klangbotn i forfattarskapen. Skrede hadde sona ein dom, av mange vurdert som eit justismord, og den plaga og forfølgde outsideren er ein gjennomgangsfigur i dikta ¿ den utstøytte som følgjer si eiga leiestjerne. Til saman gav Skrede ut 12 diktsamlingar, og han var ein toneangivande kritikar, forlagsmann og omsetjar med stor innverknad på norsk kulturliv i etterkrigstida. <br>For 1960-talsdebutantane representerte Skrede eit forelda diktarideal, og forfattarskapen har i nyare tid fått langt mindre merksemd enn livet hans. <em>Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk</em> hentar fram att Skrede som lyrikar og gjendiktar. Å gjenlese Skrede fører oss inn i grunnstemningar i etterkrigslyrikken, men òg inn i uventa tankevendingar og eksistensielt alvor.<br>