Ei bok for heile folket og for statsministeren

Denne Statsminister-boka er ei bok for deg! Det er ei samling enkle, men ulike dikt
som alle fortel om ein lett aldrande statsminister. Om ein som likar å styre landet, som
likar å vere sint, å krangle og slåst, men som også er glad i kjøtkaker og sild. Det er ein
statsminister som liknar på oss alle, store som små. Denne Statsminister-boka er
tenkt som ei biletbok, men har enno ingen illustrasjonar. Difor har boka god plass for
deg til å teikne og fargeleggje. Her kan du sjølv bestemme korleis statsministeren
og alt anna skal sjå ut! Til slutt i boka har forfattaren skrive eit etterord som viser kor
lang tid det kan ta frå levering av manuskript til utgiving av bok: 45 år! Det er ein
statsminister verdig.