Spennande stikkvegar frå E134 Haukelivegen

Meir mat, natur og kultur mellom øst og vest

Dersom du er glad i mat, natur og kultur langs smale vegar, er dette boka for deg! Gjennom store bilde og små tekstar får du inspirasjon til å ta fleire turar på tre av vegane sør-vest frå E134 Haukelivegen, blant anna Suleskarvegen frå Telemark til Rogaland. Du får også vere med på rundturen Røldal-Suldal-Sauda, og tilbake til Røldal på fjellovergangen nesten 1000 meter over havet. Deler av turen er på Nasjonal turistveg Ryfylke.

Du får sjå innom vinbønder, to stavkyrkjer, fossefall, Nord-Europas største steinur og heftig natur og arkitektur. I tillegg til nye bilde frå sjø, land og fly, er boka krydra med ein del historiske motiv.

Boka er ei gåve- og inspirasjonsbok som kan ligge framme i stua eller på kjøkkenet. Du kan bla i ho før neste reise gjennom Telemark, Setesdal og på Vestlandet - eller bare drøyme deg bort når det er mørkt og kaldt ute.

Dette er Geir K. Hus si andre bok. I 2017 gav han ut «E134 Haukelivegen. Mat, natur og kultur mellom øst og vest». Hus er tidlegare pressefotograf, journalist og redaktør. I dag arbeider han i Landslaget for lokalaviser (LLA).