Kven lurer kven?

Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassevennene sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time. Rykta begynner å gå: Er den nye jenta synsk? Kan Nina verkeleg spå?

«Spådama i 7B» er ei spanande historie med mykje humor, men også alvor. For kor langt vil du gå for å få venner og gli inn i miljøet? Når sluttar noko å vere ein leik?

Historia om Nina fortel om flaks og uflaks, fordommar og førsteinntrykk.