«To dagar går. Eg søv nesten ikkje. Eg ligg med Vasco, høyrer han falla i søvn, står opp att. Det er noko gjennomskinleg med fargen på auga mine, med huda rundt auga. Eg sit ved vindauget, eg prøver ikkje å jobba. Når det lysnar, går eg og legg meg, søv kanskje ein halvtime, vaknar med kroppen pressa inn mot ryggtavla hans. Utskrifta av billetten ligg i vindaugskarmen, me snakkar ikkje om at han skal reisa. Påskeliljene på framsida av huset spring ut, Linnea lever uforklarleg lett ved sida av oss».<br/><br/>«Sol, seier ho» er romanen om Anna. Ho bur på ein liten gard, ikkje langt frå havet. Her prøver ho å finna feste. Ho vil fullføra masteroppgåva. Ho tek seg av Linnea, dotter til venninna Judit. Kjærasten bur i Portugal. Dei møtest når dei kan. Det blir lenge mellom kvar gong. Ein dag i mai set Anna seg på flyet til Lisboa utan at Vasco veit at ho kjem. «Sol, seier ho» er ein presis og lysande roman om tilhøyrsle, oppbrot og forsvinning.