Ei grundig innføring i å skrive akademiske tekstar og gode råd for rettleiing av skriveprosessar. Handbok både for studentar og lærarane deira.
Dette er ei praktisk handbok for skribentar i alle fag i høgare utdanning skrive av ei av våre framste skriveforskarar. Her får lesaren ei grundig innføring i ulike sider ved sjølve skriveprosessen, innføring i rettleiing til skriftlege tekstar og ei rekkje praktiske råd.

Forfattaren gir også innsikt i ei rekke spørsmål som ligg til grunn for skriving og rettleiing ved universitet og høgskolar: Kva samanheng er det mellom å lære fag og å lære korleis fagkunnskapen blir uttrykt? Kvart fag har sine særtrekk både når det gjeld omgrep og skrivemåtar - sin særeigne tekstkultur. Korleis kan førstesemesterstudenten førast inn i tekstkulturen i faget? Rettleiing er viktig for å drive fram gode skriveprosessar. Kva prinsipp og strategiar kan vere aktuelle for tilbakemelding? Kva rolle spelar tanken på lesaren for den som skriv? Korleis kan ein overvinne skriveblokkeringar?

Boka er skriven for både studentar og lærarar.

Forfattaren går systematisk inn på korleis utdanningane kan skipe fungerande responsgrupper på studentivå.
Andreas Høy Knudsen i Forskerforum 2-2009