Nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok.

Diktsamling for barn av prisvinnande og kritikarroste Ruth Lillegraven.

høyr!
kviskrar stien

hausten spring
gjennom skogen
stel sommaren
og kjem med
vinteren

og sjå!
gule lauv ligg og
lyser på bakken

det er gullmyntar
som hausten har
strøydd ut

Kva skjer når eit barn følgjer ein kviskrande sti inn i skogen den grøne? Korleis kan ei bjørk likne ei jente som prøver å riste vatn ut av håret? Og kva med skodda som kjem som huldrepust? Og elgen som flyt i det botnlause tjernet, søkk han heilt ned til Kina?

Som i den Bragepris-nominerte diktsamlinga «Eg er eg er eg er» skriv Ruth Lillegraven med finkjensle for dei små detaljane. I «Skogen den grøne» følgjer vi eit barns undrande blikk på det som lever og hender i naturen rundt oss. Lillegraven tek den unge lesaren med inn i skogen - og inn i poesien.

Boka er vakkert illustrert av prislønte Mari Kanstad Johnsen.