Skeiv eller LHBTI omfattar seksualitetar, kjønnsuttrykk og samliv som bryt med etablerte normer, og som utfordrar majoritetskulturen og tradisjonelt familieliv.

Den store linja i skeiv historie er ei utvikling frå usynleggjering og straffeforfølging til psykiatrisk behandling og vidare til likestilling i vår tid. Slik kan skeiv historie ved første augekast verke som ei stor forteljing om frigjering, men er dette heile historia?

I boka gir Hanne Marie Johansen ei første samla oppsummering av historia til skeive i Noreg. Sentrale spørsmål i boka er korleis brot med normer for kjønn og seksualitet har blitt oppfatta og behandla til ulike tider, og kva for årsaksforklaringar som har dominert. I eldre kjeldemateriale finn vi få spor etter skeive; korleis skal det tolkast? Og på kva måte har nyare likestillingspolitikk påverka skeive sine rettar og levekår? Omgrep som lesbisk, homofil og heterofil kan i dag bli oppfatta som utdaterte. Er det fordi kampen for rettar er over, eller fordi nye forståingar av kjønn og seksualitet har slått igjennom?

Hanne Marie Johansen (f. 1956) er førsteamanuensis ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking på Universitetet i Bergen og førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen.