Nokon ser deg i mørkret

To kameratar er på fisketur på fjellet.
Dei ligg i telt ved Reinsvatnet.
Her er det ingen mobildekning, og ingen veit kor dei er.
Trur dei.
For midt på natta får dei nokre mystiske meldingar.
Avsendaren er Skallen.

Skallen veit kor dei er. Skallen ser og høyrer alt. Skallen jaktar på dei i mørket.
Men kven er skallen? Og kan dei flykte? Eller må dei ta opp kampen?

Skallen er ei ny bok i Grøss og gru-serien, eit samarbeid med Leser søker bok.

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. Eksperimentet (2015) er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.