Den triksande hunden.

Amika vil helst berre vere ute og rulle på brettet heile dagen. Han synest i alle fall det er veldig kjedeleg å gå tur med hunden sin, Bård.
Men ein dag oppdagar han at Bård kan noko veldig spesielt!

«Sjå på Bård!» er ein del av Samlagets Leseland, ein bokserie for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.