Ein sundag i hundedagane står odelsguten Tormod Kolbrunargard i tunet og ser mot gamlehuset. Han ser etter livsteikn frå farfaren og farmora. Foreldra har reist nordover, og syskena, Andremake og Jote, er heller ikkje heime. I ei veke har han styrt garden åleine, og han kjenner på ansvaret for dyra og ei bortkomen kvige. Han dreg for å leita, og hamnar i ein del av skogen som brått verkar framand. Han er jaga av minna frå kvelden før, då han følgde Eleonora på nabogarden Storjord heim. Både uroa og lysta slit i han, og nye møte gjer nattas drama endå meir krevjande.

Sirenene er ein underhaldande og drivande roman, dels folkeeventyr og fantastisk forteljing, ein gåtefull roman om tid, tradisjon og lengt, og om relasjonen mellom dyr og menneske, levande og døde.