Noko er i gjære. Den norske sideren vinn gullmedaljar i internasjonale kåringar og blir servert på verdas beste restaurantar. Det veks fram norske siderregionar i både Hardanger, Sogn og Telemark - kvar med sin særeigne stil. Siderprodusentane har mangedobla seg dei siste tiåra - og talet held fram med å auke. For berre 20 år sidan fanst ikkje norsk sider på Vinmonopolet, og det ville aldri falle ein vinkelner på ein respektabel restaurant inn å servere det til gjestar. Kva ligg bak den plutselege suksessen? <br/> <br/>Å lage fruktvin og sider er ein gamal tradisjon med djupe røter i Noreg. For første gang blir forteljinga om den kommersielle, norske siderproduksjonen samla i ei bok. Vi kjem tett på fruktbøndene, eldsjelene og gründerane som alle spelar ei viktig rolle i det norske sidereventyret. Lesarane får òg eit innblikk i dei forskjellige sidertypane, korleis siderproduksjon fungerer og tips til korleis ein serverer sider til mat. <br/> <br/>Dette er òg forteljinga om unge bønder som satsar, om fantastiske råvarer og om eit tradisjonsprodukt som vi nesten hadde gløymt at vi hadde.